Hopp til innhold
X
Innhald

Christen Ivarson Offerdal - Feios Nærbutikk

Christen Ivarson Offerdal (1835-1929) dreiv landhandel og gjestgiveri i Feios frå 1875. Han var også dampskipsekspeditør. Sonen Ivar K. Offerdal tok over i 1899, men selde i 1901 til Ovidia Olsen, som dreiv til 1906.

Då kom Henrik Mølmesdal frå Lavik og dreiv til 1926, då Anders J. Dale tok over. Han hadde drive butikk i Årdal nokre år før han flytta heim til Feios i 1914 og starta forretning i «Dalaståi», før han kjøpte av Mølmesdal i 1926. Sonen Dagfinn tok over i 1961, og då han døydde i 1975, overtok Olaug og Svein Hopperstad «D. Dale Eftf.» fram til 1990.

Sidan har forretninga m.a. vorte drive av eit lokalt aksjelag under namnet «Feiosbui AS», seinare Feios Nærbutikk.

Feios Nærbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Feios Nærbutikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.06.2011