Hopp til innhold
X
Innhald

Dampen Pub og Restaurant

Dampen i 2003. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dampen i 2003. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dampen Pub og Restaturant vart starta i 1992 av Ivar Johannes Halset i dei tidlegare butikklokala til Thorsen. Då hadde Halset i tre år drive serveringsstaden Zappas på andre sida av gata. Etter eit par år utvida Halset verksemda til også å ta imot overnattingsgjester, og i 1999 vart verksemda bygd ut.

I 2006 leigde Halset ut lokala til Batrick Timmers som dreiv under namnet Dampen Pub og Bistro til 2009, då han gjekk konkurs.

Frå 2010 har Hopstock Hotell leigd ein del av Dampen til resepsjon og matservering, medan resten er ombygd til helsestudio.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011