Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første adelsættene i Fresvik

Fresvik sett frå Mulakamben. © Sognafoto.

Fresvik sett frå Mulakamben. © Sognafoto.

Dei første adelsættene som har rådd over dei store eigedomane i Fresvik, kan vere Galtungs- og Rustungsættene. Frå siste halvdel av 1500-talet til innpå 1600-talet høyrde "godset" til lendermannsætta Dal som budde på Fimreite (sjå " Historia i Sogndal").

Dal-ætta eigde svært mykje gods i Sogn og elles vide ikring. Men Dal-ætta fekk ikkje halde på adelskapet sitt, og eigedomane i Fresvik var ei tid skift på fleire i slekta.

Eit stykke ut på 1600-talet tok prestar i Leikanger til å samle godset i Fresvik att. Den første var sunnmøringen Erik Ivarsson Norddalen, prest i Leikanger 1618-1658, og prost i Sogn frå 1637. Over lang tid dreiv han oppkjøp og samla godset. I hans tid var det kome sagbruk i Fresvik, og det var tingstad i bygda. Då han døydde, vart godset igjen delt mellom enkja og åtte born. Enkja fekk mest.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.04.2012