Hopp til innhold
X
Innhald

Den bitre målstriden i Vik

I åra frå 1890 til 1920 skapte kampen om undervisningsmålet i skulen og nynorsk i kyrkja mykje fiendskap i bygdene i fylket. I fleire kommunar som t.d. Hyllestad og Gaular (sjå desse) fekk striden om skulemålet avgjerande innverknad på samansetjinga av kommunestyra, og i Lærdal vart til og med Bjørnstjerne Bjørnson tilkalla av bokmålsfolket i ein målstrid (sjå Lærdal kommune) som vekte åtgaum og undring over heile landet.

Gamleskulen på Nese i Arnafjord. Her skapte kristendom på nynorsk rabalder. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Olavson Nese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gamleskulen på Nese i Arnafjord. Her skapte kristendom på nynorsk rabalder. Ukjend fotograf. Eigar: Harald Olavson Nese/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Klagebrev i Arnafjord

I Vik spissa konfliktene mellom boksmålsfolk og nynorskfolk seg til i 1889, då 47 personar i Arnafjord sende klagebrev på at lærarane brukte landsmål (nynorsk) i kristendomsundervisninga. Skuledirektøren i Bergen vart kopla inn, og han meinte at ungane i Arnafjord var store nok til å skjøne det dei las og høyrde av nynorsk.

Krav om oppseiing av læraren

I sjølve Vik starta striden då Sigurd Nesse vart tilsett i 1882. Han let ungane syngje salmar på nynorsk og underviste i bibelsoga på nynorsk. Anders A. Sæbø stilte seg i brodden for protesten og samla inn over 40 underskrifter på eit krav om at Nesse skulle seiast opp. Men skulestyret gav Nesse fullt medhald. Likevel orka ikkje Nesse hundsinga frå bokmålsfolket, og flytta i 1893 frå bygda.

Mållag og riksmålsforening

Vik fekk mållag i 1902. Då nynorsk vart innført som opplæringssmål i skulen i 1908, skipa bokmålsfolket Vik Riksmålsforening. Riksmålsforeninga skipa også sitt eige ungdomslag som heldt festar i eige ungdomshus. På same vis som i Hyllestad og Gaular, stilte dei eiga valliste i 1910, og arbeidde fåfengt for å få skipe ein eigen riksmålsskule i Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011