Hopp til innhold
X
Innhald

Ditlev Fredrik Tillisch

Foto © Fylkesarkivet.

Foto © Fylkesarkivet.

Ditlev Fredrik Tillisch (1811-1906) frå Kongsberg, busett i Vik. Offiser og føregangsmann i saueavlen.

Kaptein Tillisch kom til Vik i 1837, og bygde garden Lille Vange opp til eit mønsterbruk. Han innførte sauerasen sjeviot til Vik i 1870-åra, og saman med oberst Christen Christensen innførte han storsau frå England. Denne importen la grunnlaget for den norske dalasau-rasen. I 1888 vart han tildelt Kongens Landbruksmedalje for innsatsen.

Var også medskipar av Vik Sparebank i 1846 og var styreformann 1855-1899.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011