Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Liljedahl

Edvard Liljedahl. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Edvard Liljedahl. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Edvard Apolloniussen Liljedahl (1845-1924) frå Vik. Lærar i Kyrkjebø, stortingsmann og statsråd (kyrkjeminister) for Venstre.

Ordførar i Kyrkjebø 1887-1891, og den første utdanna læraren i Kyrkjebø krins. Utdanna frå lærarskulane i Stord og Balestrand. Lærar og klokkar i Kyrkjebø. Ordførar i Kyrkjebø 1887-1891 (Kommunehistoria i Høyanger). Var postmeister i Ålesund 1891-1901 og i Bergen 1901-1904. Stortingsmann for Sogn og Fjordane 1880-1891 og 1906-1909. Medlem av bystyret i Ålesund og stortingsrepresentant frå Ålesund og Molde krins 1895-1906.

Var statsråd (kyrkjeminister) for Moderate Venstre i Johan Sverdrup si regjering i 1889, og hadde same statsrådpost i Bratlies regjering 1912-1913. Liljedahl budde som pensjonist i Vik, og var m.a. sterk engasjert i fruktdyrking og ferskvassfiske.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.03.2008