Hopp til innhold
X
Innhald

Farsmordet i Fresvik

Stova på husmannsplassen Grønlid, der det var eit farsdrap tidleg på 1800-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Stova på husmannsplassen Grønlid, der det var eit farsdrap tidleg på 1800-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Ingeborg Olsdotter Grønlien som budde på garden Grønlid på Fresvikåsen tidleg på 1800-talet, var ei hard og brutal kvinne. I 1845 fekk ho hovudet skilt frå kroppen etter å ha drepe faren sin, og kroppen vart lagt på steile.

Foreldra kom frå Lindås i Hordaland og rudde seg gard på Fresvikåsen. Ingeborg vart verande heime på garden med foreldra. Ho fekk to barn, ein gut og ei jente, med ein rekarfant som tidlegare hadde vore på straff. Etter at mora hennar døydde, kravde Ingeborg å få ta over husmannsplassen, men faren nekta. Då bestemte Ingeborg seg for å ta den aldrande faren av dage.

Ville la borna drepe bestefaren

Først utstyrte ho småungane sine med ei øks og ei klubbe og bad dei gå inn i koven og slå bestefaren i hel medan han sov. Men motet svikta hos dei små, som trygla seg til å sleppe.

Då gjorde Ingeborg jobben sjølv. Ho slo faren i hel medan han sov. Deretter fekk ho dei to ungane sine til å hjelpe til med å bere liket ut i ein sval på huset. Der vart det liggjande ei vekes tid, før ho ei mørk natt parterte liket og brende bitane i røykomnen i stova.

Elva var frosen

Beinrestane freista ho å kaste i Fresvikelva. Men det var høgste vinter, og elva var frosen att. Ingeborg tok då likrestane med heim att til Grønlid og brende vidare til ho kunne knuse det som var att med ein hammar og spreidde på oska bøen.

Dekkhistorie

No var liket av faren borte. Men kva ville folk spørje om når dei sakna gamlingen?

Ingeborg trengde ei dekkhistorie: Ho tok no vottane til faren, ein stav og eit sekk, Gjekk ned til Simlenes ved Aurlandsfjorden og la det ifrå seg i sjøkanten. Så sprang ho bort i tunet på Simlenes og fortalde at ho leitte etter faren, som truleg hadde drukna medan han leita etter skjel langs stranda.

Vart ikkje trudd

Folk visste at Ingeborg var ei fantekjerring, og leit ikkje på henne. Det vart forhøyr, men ho heldt fast på dekkhistoria og nekta alt anna. Men lensmannen ville også vite kva borna hadde å fortelje, og no kom sanninga fram. No måtte også Ingeborg tilstå, men ho hevda at ho hadde drepe faren i naudverje etter at han hadde gått på henne med kniv.

Avretting som folkefest

Ingeborg vart dømd til døden og avretta ved halshogging i Fresvik den 5. april 1845. Dette var den nest siste avrettinga i Sogn (sjå: Historia i Luster), og 2000 menneske var møtte fram for å sjå på. Det var reine folkefesten. Korkje før eller sidan har det vore så mykje folk samla i Fresvik. Skarprettaren var komen oppover frå Bergen for å gjere jobben, og etter avrettinga vart hovudet til Ingeborg sett på stake og liket lagt «på steile» (eit hjul) til spott og spe.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018