Hopp til innhold
X
Innhald

Film-vikingar i Finden

Finnabotn, der det var filminnspeling i 1972. Foto: NRK.

Finnabotn, der det var filminnspeling i 1972. Foto: NRK.

Filmfolka budde på Kvikne's hotell, men fann brått ut at Hardanger høvde betre, og flytta filminga dit.

I 1957 invaderte filmlag frå Hollywood den fredelege fjordarmen Finden for å spele inn ein vikingfilm med Kirk Douglas i hovudrolla. Han eigde produksjonsselskapet som ville byggje ein heil vikingslandsby i Finden.

Filmfolka budde på Kvikne's hotell, men fann brått ut at Hardanger høvde betre, og flytta filminga dit.

Disney-vikingar

I 1972 kom Walt Disney-selskapet til Finden for å spele inn endå ein vikingfilm. Sjølve innspelinga varde i 14 dagar, men resulterte berre i ein kort sekvens i den ferdige filmen. Også denne gongen budde filmfolket i Balestrand.

Sjå og¨så: Filminnspelingar i Stryn.

Frå innspelinga av vikingfilmen i Finnafjorden i 1972. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Frå innspelinga av vikingfilmen i Finnafjorden i 1972. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011