Hopp til innhold
X
Innhald

Finden Gard

Ein tidlegare plastbåtfabrikk er bygd om til serveringsstad for Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Ein tidlegare plastbåtfabrikk er bygd om til serveringsstad for Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Finden Gard - gardsturisme - i den veglause Finnafjorden vart starta i 1993 av Laila Lilleøren og Lars Finden. Dei har bygd om ein tidlegare plastbåtfabrikk til restaurant med meny av lokale råvarer og med plass til 100 gjester. Dei har innreidd fire hus til overnatting for til saman 24 gjester, og i 2007 investerte dei i eigen skyssbåt, MS Finden, som tek 30 passasjerar.

I tillegg til den slåande vakre naturen i og rundt Finnafjorden tilbyr Finden Gard utleige av kajakkar og robåtar til fiske, og det er merka ei turløype. Det gamle skulehuset i bygda blir brukt til møtelokale og overnatting.

I 2006 fekk Finden Gard Bygdeutviklingsprisen for Sogn og Fjordane for verksemda si.

Finden sett frå Botnanosnipi. Foto: Finden Gard.

Finden sett frå Botnanosnipi. Foto: Finden Gard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011