Hopp til innhold
X
Innhald

Forening til Sædelighedens Fremme

I 1860 vart det skipa ei «Forening til Sædelighedens Fremme» i Vik. Den skulle først og fremst føre ein nådelaus kamp mot «Natteløberiet» - dvs. få gutane bort frå den usedelege skikken med å oppsøkje jentene om natta.

Bak foreninga stod sokneprest Arnt Uchermann (far til kunstmålar Karl Uchermann), ein offiser og nokre lærarar.

Foreninga grunngav sin naudsynte eksistens ved å vise til alle fødslane utanfor ekteskap: Kvart femte barn i Vik vart på denne tida fødd utanfor ekteskap, og i 1858 hadde «frekvensen» jamvel gått opp til kvart fjerde barn!

Foreninga meinte at slikt kunne hindrast ved at det vart slutt på at vaksne, ugifte personar av ulikt kjønn sov i same rom, og dessutan få slutt på «natteløberiet».

Medlemene i foreninga skulle vere konfirmerte, halde seg unna natteløperi sjølve, og «ikke modtage noget nattligt Besøg». Kom medlemene over ein «natteløpar», skulle det straks meldast til styret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2008