Hopp til innhold
X
Innhald

Fraktebåt-reiarane Pettersen

Ein av båtane til Pettersen, ”Viking”. Ukjend fotograf, bilete frå Pridlao.

Ein av båtane til Pettersen, ”Viking”. Ukjend fotograf, bilete frå Pridlao.

Både i Vik, Vangsnes og Fresvik har jektefart og fraktefart lange tradisjonar. I Vik er det familien Pettersen som driv det største reiarlaget.

Endre Pettersen kjøpte sin første båt i tida kring 1. verdskrig. Seinare skaffa Endre og etterkomarane fleire båtar: «Viking» som var i drift i åra 1935 til 1949, «Sjøgutt» frå 1949 til 1963, «Factor» frå 1963 til 1968, «Sirahav» frå 1968 til 1970, gamle «Cabal» frå 1970 til 1976 på 400 tonn og nye «Cabal» på 750 tonn frå 1976. Dei to siste kravde kvar eit mannskap på seks mann.

Om fraktefarty frå Fresvik - sjå Johannes Nilson Vangsnes under «Ferdsla på fjorden i Vik».

Nye MS ”Cabal” som Pettersen kjøpte i 1976. Ukjend fotograf, bilete frå Pridlao.

Nye MS ”Cabal” som Pettersen kjøpte i 1976. Ukjend fotograf, bilete frå Pridlao.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011