Hopp til innhold
X
Innhald

Fresvik forbrugsforening

Bakeriet i Fresvik, med hotellet bak. Foto frå ”Handel i Vik”av Arne Inge Sæbø. Eigar: Kjerstine Vange.

Bakeriet i Fresvik, med hotellet bak. Foto frå ”Handel i Vik”av Arne Inge Sæbø. Eigar: Kjerstine Vange.

Nils Stokkenes (t.v.) og Olav Hov i døra til gamlebakeriet i Fresvik. Foto: Kjerstine Vange. Eigar: Kjerstine Vange/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nils Stokkenes (t.v.) og Olav Hov i døra til gamlebakeriet i Fresvik. Foto: Kjerstine Vange. Eigar: Kjerstine Vange/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fresvik Forbrugsforening vart skipa i 1874 etter opptak av Peder Pedersen Ylvisaker. Han hadde vore butikkdreng hos Herman Brun på Hermansverk, og starta butikk i Fresvik i 1872. Han dreiv også bakeri og var dampskipsekspeditør.

Då han gjekk konkurs i 1875, overtok bygdefolket butikken og skipa «forbruksforeninga». Peder O. Bøthun vart styrar, men starta for seg sjølv i 1889. Forretninga vart avvikla kring 1900 og seld til Johannes L. Haukenes som dreiv til 1908.

Fresvik handelslag

I 1908 overtok Olav Østgulen, og Fresvik handelslag kjøpte buet på auksjon i 1926. Dette laget vart skipa 1920 av 155 luteigarar. Første åra heldt butikken til i leigde lokale til laget fekk eigen butikk i 1930. I 1965 gjekk Fresvik Handelslag inn i Sogn Samvirkelag, som i 2000 vart ein del av Coop Indre Vestland (sjå Landhandlar i Årdal).

Fresvik nærkjøp

I 2010 vart det skipa eit folkeaksjeselskap - Fresvik Eigedom AS - som vil sikre framtida til butikken. 148 aksjonærar teikna aksjar for 976.000 kroner i selskapet. Fresvik Eigedom AS har kjøpt forretningsbygget og leiger det ut til Coop Fresvik nærkjøp.

Fresvik nærkjøp. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik nærkjøp. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2011