Hopp til innhold
X
Innhald

Frilynde ungdomslag i Vik

Ungdomshuset på Vangsnes. Foto: Arne Inge Sæbø. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Ungdomshuset på Vangsnes. Foto: Arne Inge Sæbø. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Her er nokre av ungdomslaga i Vik:

Vangsnes

fekk det første frilynde ungdomslaget i Sogn i 1871. Bygda fekk ungdomshus i 1933 då laget kjøpte det gamle skulehuset i Fjærland og flytta det til Vangsnes.

Ungdomshuset i Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset i Feios. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Feios Ungdomslag

vart skipa 1886. Ungdomshuset vart bygt i 1923 og utvida i 1986.

Ungdomshuset i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik Ungdomslag

vart skipa i 1888 med lærar Jakob Bøthun som første formann - eit verv han hadde i 30 år. Deretter tok lærar Per H. Bøthun og styrde laget i 20 år. Laget bygde ungdomshus i 1907.

Ungdomshuset på Nese i Arnafjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset på Nese i Arnafjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nese Ungdomslag

i Arnafjorden vart skipa i 1895, og bygde ungdomshus på Nese i 1921. Det særmerkte, vesle ungdomshuset på Nese vart bygd i 1921.

Festkomitéen i samband med feiringa av 25-årsjubiléet til Vik Ungdomslag i 1923. Foto: Jonas Amedé. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Festkomitéen i samband med feiringa av 25-årsjubiléet til Vik Ungdomslag i 1923. Foto: Jonas Amedé. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik Ungdomslag og Vikjahalli

Vik Ungdomslag vart skipa i 1898, og i 1911 kunne laget ta i bruk ungdomshuset Vikjahalli. Dette var på den tid eit av dei største forsamlingshusa i fylket, og hadde 700 sitjeplassar. Huset vart reist på dugnad, og med inntekter frå basarar og skodespelframsyningar som vart haldne i kommunehuset fram til Vikjahalli stod ferdig.

Huset er bygd etter teikningar av Erlend Tryti, Anders J. Sæbø gav fri grunn, og lensmann Anfin Anfinson Øen leia byggjearbeidet. Ungdomslaget har sett opp mange skodespel i ungdomshuset, og driv også kino i huset.

Ungdomshuset Vikjahalli vart bygt i 1921. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset Vikjahalli vart bygt i 1921. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomslaget ”Liv”

på Sylvarnes vart skipa i 1902 av lærar Arne Austrheim. Laget vart lagt ned i 1908 då Austrheim reiste frå bygda, men vart teke opp att i 1920.

Skogly Ungdomslag

for bygdene Ligtvor-Limmesand vart skipa i 1926.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011