Hopp til innhold
X
Innhald

Futen vert del-eigar

Iver Erikssøn Leganger døydde i 1702, sat kona Anna Finde (dotter til den grunnrike presten Peder Jørgenson Finde i Førde) med alle jordgodsa hans i Sogn.

I 1728 tok sonen Ivar Ivarson Leganger (1680-1750) over. Då han var borte, arva dei ti borna godset. Ei av døtrene vart i 1738 gift med kjøpmannssonen Gerhard Geelmeyden frå Bergen. Han fekk ei klo borti ein stor del av Fresvik-godset. Det same gjorde ein annan svigerson, Sogne-futen Annanias Christoffer Harberg, som på den tida budde i Bjordal. Medan madam Geelmeyden var meir påhalden, så trengde futen Harberg pengar, og selde villeg vekk av Fresvik-godset. Slik vart mange bønder i Fresvik sjølveigarar i siste halvdel av 1700-talet.

- Sjå elles meir om eigedomsbytet frå Leganger-slekta i biografiane om Iver Erikssøn Leganger, Ludvig Christophersøn Munthe og Anders Daae.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.04.2012