Fylkeskaia stengd for konkurrentane

DS Kommandøren ved kai og sognejekta Britannia til anker i Vik. Foto: O. O. Fosse. © Fylkesarkivet.
Frå 1866 fekk Fylkesbaatane hard konkurranse på Sognerutene frå andre dampskipsselskap - særleg i den lukrative turistsesongen.
På denne tida hadde Vik anløp av av m.a. ruteskipa «Vøringen», «Lyderhorn» og «Jotunheim», mot at desse betalte ei forholdsvis høg hamneavgift for å nytte kaia.
I 1890 vart «Jotunheim» nekta å nytte kaia i Vik fordi reiarlaget ikkje betalte skuldig avgift.

DS Jotunheim, som konkurrerte med Fylkesbaatane om gods og passasjerar på Sognefjorden. Foto: K. Knudsen, eigar: Knudsensamlingen, UBB.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.06.2011