Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkets første meieri i Vik

Hove Meieri var eitt  av dei to første meieria i fylket, bygt i 1874. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Hove Meieri var eitt av dei to første meieria i fylket, bygt i 1874. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

I 1871 gjorde Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab vedtak om å yte økonomisk støtte til bygging av meieri kringom i bygdene. Selskapet var skipa 1857 og var forløparen til Sogn og Fjordane Landbruksselskap, skipa 1919.

I 1874 vart det med slike tilskot reist to meieri. Eitt kom på Hafslo, og det andre var Hove Meieri i Vik. Det var sersjant Anders Sjurson Fedje frå Feios, som hadde kjøpt gard på Nummedal, som gjorde opptaket til det første meieriet. Hove-meieriet heldt til ei eit to-etasjes hus som vart kalla «Kvitastova».

Dotter til Anders, Ingeborg Fedje, hadde fått opplæring i Østfold og vart tilsett som meierske. Men i 1875 braut Fedje opp og reiste til Amerika, og det vesle meieriet på Hove vart lagt ned.

Ein ny freistnad på å starte meieri i Vik i 1881 førte ikkje fram, og heller ikkje eit privat smørmeieri i 1892 greidde seg særleg lenge.

Les meir om meierihistoria i Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011