Hopp til innhold
X
Innhald

Giftmord på kona i 1884

I 1884 vart sersjant Aamund Aamundsen Berven frå Vik dømd for å ha teke livet av den høggravide kona si med gift.

Mannen såg mørkt på å verte barnefar, og fann ut at han kunne ta livet av fosteret ved å gje kona gift. Han blanda stryknin i ei plomme og gav henne. Kona vart sjuk, men gav uttrykk for at ho kjende at fosteret framleis var i live. Då blanda sersjanten resten av gifta saman med noko doktermedisin og gav kona under påskot av at ho måtte ta noko for sykja som ho hadde fått. No fekk han livet av kona.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018