Hopp til innhold
X
Innhald

Gjest Baardsen og budeia på Vikafjellet

Jentefuten og stortjuven Gjest Baardsen rak over Vikafjellet fleire gonger. Første gong i 1813.

I sjølvbiografien sin fortel Baardsen at han overnatta hjå ei budeie på Vikafjellet, der dei «i kveldsmørket koste os, og jeg sovnet i hennes armer». Som takk for «oppvartinga», gav ho Gjest ein ring.

Gøymde seg i Vik

I Vik gøymde han seg under ein heller etter eit innbrot på garden Rosheim. Helleren har sidan heitt «Gjestklype».

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018