Hopp til innhold
X
Innhald

Godseigaren Hille får problem

Lars Hille var ein svært rik mann då han overtok Fresvik-godset i 1809. Han hadde tent seg rik på handel på Lærdalsøyri, men miste mykje av formuen ved at pengeverdien vart nedsett.

Likevel greidde Lars Hille å halde på godset utan at det vart delt opp, og kunne i 1824 overlate det til sonen Wollert Krohn Hille. Han vart den siste som kalla seg «godseigar» i Fresvik. Han delte opp og selde store delar at det attverande godset, slik at han sjølv berre sat att med gardane Hauglum og Grundeland.

I 1859 selde Wollert Krohn Hille (1795-1860) til Ola Davidsen Skjervheim (1804-1876) frå Voss. Skjervheim reiste i 1868 til USA, og i 1871 kjøpte Kristen Isakson Bøthun (1833-1915) Hauglum, og sidan har Bøthun-slekta eigd denne garden. Kristian Bøthun dreiv også som jekteskipper, og hadde vore heilt til Russland og Tyskland med sild.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.04.2012