Hopp til innhold
X
Innhald

Guttorm Holstad

Guttorm Holstad (1928-2008) frå Vik. Kommuneingeniør og lokalhistorikar. Holstad spela ei aktiv rolle då Vik Verk vart skipa på 1960-talet, og var med på skipinga av den verna verksemda Sogneprodukter.

Han ivra sterkt for oppbygging av ei levedyktig blåskjelnæring i Sogn, og skipa selskapet Fjord Aker saman med Reidar Vangsnes.

Guttorm Holstad gjorde lydopptak med eldre menneske og skreiv ei mengd lokalhistoriske artiklar. Han gav ut eit hefte om kyrkjebergaren Andreas Blix.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.02.2010