Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og brusfabrikk i Vik

Endre Andersen starta landhandel i Vik i 1866 etter først å ha arbeidd som skomakar. Han dreiv også ein liten brusfabrikk bak butikken - dette vart kalla «Brushuset».

Sonen Anders Andersen tok over og bygde nytt forretningsbygg på Vikøyri i 1892. Handelen vart driven av Andersen til 1919, då han gjekk konkurs, og Johan Støfringsdal overtok. og dreiv saman med broren Olav fram til 1922, då huset strauk med i storbrannen (sjå Ulukker i Vik). Støfringsdal prøvde å drive vidare i ei brakke, men gjekk konkurs i 1925.

Bendik Breilid

frå Fresvik kjøpte konkursbuet og starta landhandel, seinare også bokutsal. Seinare vart forretninga spesialisert til bøker, klede, garn og steintøy. Sonen Edvard Breilid tok over, og etter han dottera Hildur, som flytta butikken til Vikjatunet då dette handelssenteret opna i 1992. Ei anna dotter, Åse, starta saman med mannen Sigurd Ese «Ese Våpen og Sport» i 1996.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008