Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Bottolvsen Vikøren

Hans Bottolvsen Vikøren (1830-1906) frå Vik, busett i Oslo. Bakar, lekpredikant og forfattar.

Var leiar og Kristiania Lille Misjon i mange år, og frå 1869 i foreninga «Broderkretsen». Vikøren var kjend som ein ihuga talsmann for dei lågkyrkjelege straumdraga i Noreg som støtta lekpredikantar. Han vart ein nær medarbeidar av Lars Skrefsrud.

Flytta i 1880-åra til Minneapolis, USA, og var den første som tok opp organisert arbeid for Santalmisjonen i Amerika. Gav i 1884 ut boka «Skrefsrud og santalene», gav elles ut «Den norske fiskersøn» og «Fra Folkelivet».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2008