Hopp til innhold
X
Innhald

Hans F. Gude måla Storesagi på Hauglum

Måleriet til Hans F. Gude av ei sognejekt ved Storesagi. © Blomqvist Kunsthandel.

Måleriet til Hans F. Gude av ei sognejekt ved Storesagi. © Blomqvist Kunsthandel.

Fresvikgodset hadde eigd sagbruk heilt frå 1600-talet. Storesagi låg nede ved sjøkanten, og oppgangssaga vart driven av vatn frå ei renne som gjekk langt oppetter elva.

I 1866 gjesta kunstmålar Hans F. Gude Fresvik. Då måla han ei sognajekt medan eit arbeidslag var oppteke med å laste kjøpmannsbord ombord ved Storesagi.

Frå 1911 til 1933 leigde Erik Øvrebø (1863-1942) Storesagi. I 1947 bygde Isak og Magnus Hauglum nytt sagbruk ved elva, der dei dreiv fruktkasseproduksjon fram på 1960-talet.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.04.2012