Hopp til innhold
Helge Brekke. Foto: Roy Hilmar Iversen, NRK.
Helge Brekke. Foto: Roy Hilmar Iversen, NRK.
X
Innhald

Helge Brekke

Helge Seehus Brekke fødd 1941 frå Vik, busett i Knarvik. Lærar og mosjonsløparrangør.

Brekke var lærar i Årdal og Vik, før han flytta til Knarvik i Lindås, der han vart rektor på Knarvik ungdomsskule.

Brekke fekk astma som 17-åring. Likevel var han aktiv friidrettsutøvar og sprang 10.000 meter på 30.20 og halvmaraton på 1.06. Først som 51-åring fekk han astmamedisin.

I 1981 tok han initiativet til Knarvik Games i friidrett og fekk verdsstjerner til å delta, med verdsrekordar som resultat. To år seinare fekk han i gang mosjonsløpet Knarvikmila, som kvart år samlar over 8000 deltakarar.

I 2002 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje, og i 2012 vart han av regjeringa tildelt Frivillighetsprisen. På 1990-talet vart han kåra til den rektoren i landet som hadde mest tillit, basert på spørjeskjema til tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Først publisert: 17.06.2015
Sist oppdatert: 05.08.2015