Hopp til innhold
X
Innhald

Helsestellet i Vik

Frå den tida vikjene vart fødde i Vik. Fem nyfødde på Vik sjukestove i 1956. Framme til venstre sit sjukepleiar Gunnhild Kyrkjeteig med Per Gunnar Thue, til høgre jordmor Gyda Dale med Halldis Hove og Finn Lie. Bak til venstre Gjertrud Kyrkjeteig med Gunvor Geithus og Lovise Settevik med Inger Else Brekke. Foto: Olav Hove. Eigar:  Gjertrud Orvedal/Vik lokalhistoriske arkiv.

Frå den tida vikjene vart fødde i Vik. Fem nyfødde på Vik sjukestove i 1956. Framme til venstre sit sjukepleiar Gunnhild Kyrkjeteig med Per Gunnar Thue, til høgre jordmor Gyda Dale med Halldis Hove og Finn Lie. Bak til venstre Gjertrud Kyrkjeteig med Gunvor Geithus og Lovise Settevik med Inger Else Brekke. Foto: Olav Hove. Eigar: Gjertrud Orvedal/Vik lokalhistoriske arkiv.

Første jordmora

Den første jordmora i Vik, Cecilie Dahl (1789-1863) vart tilsett i 1822. Sogn og Fjordane fylke var på den tida delt inn i 12 jordmordistrikt, og ho skulle samstundes gjere teneste i Lavik prestegjeld. Cecilie var utdanna i 1820 saman med 42 andre på jordmorskulen i Oslo.

Legetenesta

Sogn og Fjordane fekk dei to første distriktslegane i 1802 - ein for Fjordane og ein for Sogn. I 1836 vart Sogn delt mellom to legar - ein for ytre og ein for indre. Den for ytre fekk tilhald i Vik, med hadde heile distriktet frå og med Aurland og Leikanger og heilt til øyane i vest. I 1858 kom Vik med i eit legedistrikt for midtre Sogn. Vik delte då distriktslege med Leikanger og Balestrand kommunar. Like etter hundreårsskiftet tilsette både Leikanger og Balestrand eigen kommunelegar, slik at distriktslegen i Vik i praksis hadde berre eigen kommune å betjene. Sjå elles om bygdedokteren Olav Tjønn frå Fresvik.

Kikhoste

Kunne vere ein livstrugande sjukdom i gamle dagar før ein fekk effektive medisinar. Såleis døydde det sju born under ein kikhosteepidemi i 1852 berre i Feios-bygda. I same epidemien døydde 10 barn i Leikanger.

Vik sjukestove

vart bygd i 1912. Det var ein difteriepidemi i 1910 som sette fart i arbeidet med å bygge eit «sjukehus» i bygda. Tre personar døydde då av sjukdomen. Skulen vart stengd og offentlege samkomer forbodne for ei tid. Det var primært for å skaffe bygda eit isolat at huset vart reist. Bygget hadde rom både for dei som måtte i isolat og dei som hadde sjukdomar som ikkje var smittsame. Vik sykepleieforening vart skipa same året, og tilsette eiga helsesøster som m.a. skulle ta seg av dei smitta. Helsesøstera Johanna Hønsi fekk bustad i bygget.

Vik gamleheim slik han vart bygd i 1920. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik gamleheim slik han vart bygd i 1920. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik Bygde- og Sjukeheim

vart opna i 1920. I dagleg tale vart huset kalla "Gamleheimen".

Gamleheimen i Vik

- sjå Vik Bygde- og Sjukeheim.

Fresvik Bygdaheim

Alt i 1918 vart det starta arbeid for å få bygd gamleheim i Fresvik. Fresvik Helselag som vart skipa i 1920, hadde som ei av sine viktigaste oppgåver å samle inn midlar til bygdeheimen. Først i 1986 vart det teken i bruk, men vart totalt øydelagd ved ein dramatisk brann i 1994. Heimen vart bygd opp att i 1995, og har plass til 14 pensjonærar.

Vik Apotek heldt første åra til i dette huset. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik Apotek heldt første åra til i dette huset. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Tannlege

Vik fekk første tannlegen i 1919, då Ragnvald Sivertsen opna kontor i bygget til postopnar Liljedahl.

Vik Apotek

vart opna i 1921, med Rolf Greve som første apotekar. Vik vann då lokaliseringskampen om apoteket mot Kyrkjebø (Høyanger). Høyanger gjorde i 1954 eit mislukka forsøk på å få flytta apoteket frå Vik til Høyanger.

Arnafjord Augeklinikk

- sjå Handelsverksemda på Nese.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011