Hopp til innhold
X
Innhald

Hilmar Bungum

Hilmar Bungum fødd 1940 i Framfjorden, busett i Enebakk. Professor i geofysikk, og internasjonalt kjend som jordskjelvekspert.

Cand. real . 1968, dr. philos 1974, og fleire forskingsopphald i USA. Tilsett ved forskingsstasjonen Norsar i 1969. Var professor II ved Universitetet i Bergen 1983-1988, og same stilling ved Universitetet i Oslo frå 1991-2006.

Bungum har gjeve ut ei mengd publikasjonar om jordskjelv og den faste jord, og har hatt sentrale posisjonar i internasjonal forsking på fagfeltet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.02.2010