Hopp til innhold
X
Innhald

Hopstock Hotell

Hopstock hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hopstock hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK

Gjestgjevargard brann

Gjestgjevargard brann

Hopstock Hotell på Vikøyri skal vere det første hotellet i Sogn og Fjordane som fekk utferda hotelløyve. På Vikøyri som på mange stader elles i fylket, hadde det vore ein gjestgjevargard frå gamalt, men denne brann ned i storbrannen i 1838. Då det skulle byggjast nytt gjestehus, vart det eit skikkeleg hotell.

Hopstock frå Risør

I 1847 kjøpte Ole Hopstock frå Risør det gamle gjestgiveriet på Vikøyri og grunnla Hopstock Hotell. Seljaren var svogeren, kjøpmann Jens Boalth Wallentinsen. Hotellet var halvferdig då Hopstock kjøpte, og vart bygd med 30 senger. Hopstock hadde også eige fiskebruk med not. Til eigedomen høyrde også ei kvern og eit sagbruk i Kyrelvi.

Den første hotellbygningen. Eigar av foto: Hopstock Hotell.

Den første hotellbygningen. Eigar av foto: Hopstock Hotell.

Militærtida ei god tid

I den tida Viksmoen var eksersisplass for Sogns Bataljoner frå 1874 til 1898 opplevde Hopstock Hotell ei blømingstid. Mange offiserar budde på hotellet. På sommarkveldane samlast dei i lysthuset i hotellhagen, der militærmusikken spela. Også «kyrkjebergaren» og arkitekten Peter Andreas Blix budde fast på hotellet under opphalda i Vik. Han disponerte eit fast rom i andre høgda der han hadde eigne møblar og kontor, og budde der dei siste åra han levde. Sidan vart dette kalla «Blixrommet». I 1981 vart det reist ei minnestøtte over Blix like ved hotellet.

Hopstock Hotell ca. 1930. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet.

Hopstock Hotell ca. 1930. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet.

Landets første motell

Etter Ole Andreas overtok sonen Jens Krogh Hopstock og kona hans Liv, og dei dreiv hotellet fram til 1918. Butikken vart i 1900 seld til Anders Øksdal, som i 1909 selde vidare til Ole Pederson Fosse.

Motellet i 1957. Eigar av foto: Hopstock Hotell.

Motellet i 1957. Eigar av foto: Hopstock Hotell.

I tillegg til hotell og handel, vart Jens Hopstock også telefonstyrar, og i 1890 bygde han også Orvedals Mølle. Dei ugifte døtrene Wenche og Nico Hopstock tok då over hotelldrifta frå 1918 og fram til 1946. Då leigde kjøpmann og bakar Mons Thorsen frå Vik hotellet fram til han kjøpte det i 1950.

Mons Thorsen let systera Malla Thorsen drive Hopstock Hotell. Ho vart kjend som ei gjestfri og hjartegod hotellvertinne. I 1956 bygde Thorsen det første motellet i landet som eit anneks til den gamle hotellbygningen. Dette motellet vart rive i 2014.

Den gamle hotellbygningen vert riven. Foto: Olav Hove. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den gamle hotellbygningen vert riven. Foto: Olav Hove. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gamlehotellet vert rive

Frå 1967 leigde ekteparet Anne Marie og Carl Melchior Riiber det gamle hotellet frå Thorsen, men dei flytta til Kristiansand i 1968. Då overtok ekteparet Grethe og Tom Eide ei kort stund, men hotellet gjekk dårleg, og Vik kommune kjøpte det. I 1971 kom så Riiber tilbake til Vik og kjøpte Hopstock Hotell under førsetnad av at dei var villige til å rive det gamle hotellet for å gje plass når riksvegen gjennom Vikøyri skulle utvidast. Til sterke protestar m.a. frå Fortidsminneforeningen vart så det gamle Hopstock rive og erstatta med eit nytt hotell i 1973. Nyehotellet hadde 58 senger.

Sonen Carl André Riiber har vore ansvarleg for drifta sidan 1989, og overtok bygningane og eigedomen i 1992. Hotellet vart utvida frå 27 til 56 rom i 1995, og seks motellrom. I nokre av salongane er det teke vare på møblar og bygningsdetaljar frå det gamle hotellet som vart rive.

Brann i 2010 var kroken på døra

Natt til 28. mai 2010 vart Hopstock Hotell råka av brann. Den eine av dei to hotellbygningane vart totalskadd, men alle dei 65 gjestene vart evakuerte utan at nokon kom til skade. Men brannen førde til at det vart slutt på ei 163-årig historie for Hopstock Hotell, for eigaren valde å ikkje byggje oppatt hotellet. Dermed vart Vik utan hotell, men Riiber-familien heldt likevel drifta gåande med utleige av 26 rom fram til 2012.

Brann på Hopstock Hotell 28. mai 2010. Foto: Kjell Brekke.

Brann på Hopstock Hotell 28. mai 2010. Foto: Kjell Brekke.

Nytt håp tent

I september 2011 kom selskapet Travel Property Holding AS, eigd av Rolf Wikborg, på bana. Selskapet kjøpte 51 prosent av aksjane i Nye Hopstock AS. Planen var å byggje opp att det brannherja hotellet. Rolf Wikborg og Travel Property Holding AS eig frå før Tørvis Fjord Hotel i Marifjøra. Men i 2012 måtte dette selskapet kaste korta. I staden kom eit nytt selskap, Hopstock Holding AS, på bana og kjøpte hotellet for 4,5 millionar kroner. Dette selskapet er eigd av Melås AS. Dei opna dørene for gjester sommaren 2012. På lengre sikt er planen å byggje opp eit folkehotell. Men i januar 2014 selde Melås hotellet vidare til Jorunn Åsfrid Røyrvik (50 prosent) og Røyrvik Eigedom (50 prosent) for tre millionar kroner. Dei endra namnet på hotellet til Blix Hotell.

Jorunn Åsfrid Røyrvik eig hotellet frå januar 2014. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Jorunn Åsfrid Røyrvik eig hotellet frå januar 2014. Foto: Noralv Pedersen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015