Hopp til innhold
X
Innhald

Idretten i Vik

Skyttarar frå Fresvik på veg til Frønningen i 1940. Foto frå Pridlao. Eigar: Magnar Bøthun.

Skyttarar frå Fresvik på veg til Frønningen i 1940. Foto frå Pridlao. Eigar: Magnar Bøthun.

Fresvik Skyttarlag

vart skipa i 1875. Truleg vart dette laget skipa av folk oppe i dalen, for seinare kom det eit eige skyttarlag for grenda nede ved sjøen. I 1879 gjekk Fresvik Skyttarlag med i Firda og Sygnafylkets Folkevæpningslag, og i 1885 i Hordaland Folkevæpningssamlag. På 1890-talet eksisterte det eit skyttarlag i Fresvik som kalla seg ”Lagsheim”. Seinare fekk dette laget namnet ”Fagerheim”, og i 1898 omdøypt til Nedre Fresvik Skyttarlag.

Nedre Fresvik Skyttarlag

– sjå Fresvik Skyttarlag.

Kombinasjonen ski og gevær er ikkje heilt ny i Vik. Her er medlemer i Vik Skyttarlag samla på 1930-talet. Foto: Andreas Hove. Eigar: Olaf Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kombinasjonen ski og gevær er ikkje heilt ny i Vik. Her er medlemer i Vik Skyttarlag samla på 1930-talet. Foto: Andreas Hove. Eigar: Olaf Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Skyttarlag

vart skipa i 1876 og vart innmeldt i Det Frivillige Skyttervesen i 1893. I 1912 gjekk Seljedalen Skyttarlag inn i Vik Skyttarlag. I 1971 tok laget i Vik opp skiskyting, og denne disiplinen har etter kvart vorte den dominerande med fleire utøvarar i landstoppen.

Feios Skyttarlag

vart skipa i 1885.

Medlemer i Arnefjord Skyttarlag samla til stemne på Tenne i 1947. Ukjend fotograf. Eigar: Solveig Finnebotten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Medlemer i Arnefjord Skyttarlag samla til stemne på Tenne i 1947. Ukjend fotograf. Eigar: Solveig Finnebotten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Arnefjord Skyttarlag

vart skipa i 1886. Laget la ned verksemda på slutten av 1970-talet.

Seljedalen Skyttarlag

vart skipa i 1887. I 1912 gjekk laget inn i Vik Skyttarlag.

Bødalen Skyttarlag

vart skipa i 1889 og var i aktivitet til 1949.

Idrettstevling i 1894

I Vik vart det halde ei idrettstevling så tidleg som i 1894. – Sjå eigen artikkel om dette under Krigshistoria i Vik.

Handballaget til Vik Idrettslag i 1948. Framme frå venstre Gerd Vikøren, Olga Målsnes, Astrid Sandvoll, Marie Liljedahl og Margot Stokkebø.  Bak frå venstre Johanna Stokkebø, Johanna Tryti, Enny Styve, Torhild Vange og Ruth Knoff. Ukjend fotograf. Eigar: Enny Hornnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Idrettslag

vart skipa i 1905.

Frå Vik Skifestival i 1992. Foto: Kjell Bergfjord. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå Vik Skifestival i 1992. Foto: Kjell Bergfjord. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Skifestival

vart første gong arrangert på Vikafjellet i slutten av mai 1990. Den gjekk då inn i arrangementet Sognefjord Livsstilsveke, som også dreiv løp i Vetti i Årdal, maraton i Balestrand, Aurlandsmarsjen og sykkelritt i Lærdal. «Livsstilsveka» vart arrangert til midt på 1990-talet. Etter den tid vart skirennet på Vikafjellet redusert i omfang, før det etter nokre år vart lagt ned.

Stafettlaget til IL Modig på Vikjastafetten i 1952. Framme frå venstre Hans Bjørnetun, Harald Hov og Nils Stokkenes. Bak Alf Bøtun, Per Hov og Olav A. Bøtun. Eigar:  Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stafettlaget til IL Modig på Vikjastafetten i 1952. Framme frå venstre Hans Bjørnetun, Harald Hov og Nils Stokkenes. Bak Alf Bøtun, Per Hov og Olav A. Bøtun. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Idretts- og fotballaget Modig

i Fresvik vart skipa i 1918. Laget reiste i 1987 ein minnestein over løparkongen Mensen Ernst. Idrettslaget Modig har bygt og driv turisthytta Jashaugbu som ligg i Fresvikjordalen.

Modig stadion i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Modig stadion i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arnefjord Idrettslag

vart skipa i 1921. Laget hadde turnøvingar i ungdomshuset ”Samhold” som ungdomslaget i bygda hadde bygd i 1919. Men dette idrettslaget var i drift berre kort tid. I 1934 vart det freista å blåse liv att i idrettslaget, men aktiviteten også den gongen varde berre ei kort stund.

Turnoppvising i Arnafjord ein 17.  mai, årstalet er anten 1921 eller 1922. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Turnoppvising i Arnafjord ein 17. mai, årstalet er anten 1921 eller 1922. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.07.2011