Hopp til innhold
X
Innhald

Ingvar Stadheim

Ingvar Stadheim fødd 1951 i Vik, busett i Sogndal. Fotballspelar, landslagstrenar og personaldirektør. Utdanna ved Norges Idrettshøgskole.

Var med på Sogndal IL Fotball sitt lag då det spela cup-finalen i 1976. Var den første frå Sogn og Fjordane som tok D-kurs som fotballinstruktør i 1981. Han trena elitelaget til Sogndal 1976-1977, 1978-1980 og 1983-1984. Trena i 1986 1. divisjonslaget Kongsvinger som tok bronsemedalje i NM same året. Var trenar for gute- og juniorlandslaget 1986-1988, og det norske A-landslaget 1988-1990.

Han har m.a. vore medlem av trenarkomiteen i NFF i mange år. Har arbeidd frå 1990 i personalavdelinga i Norsk Hydro, frå 1996 som personaldirektør i metalldivisjonen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011