Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Erikson Leganger vert eigar

No skifta slekta etternamn til Leganger, og den kjende presten Iver Erikssøn Leganger samla heile godset i Fresvik att. Ingen på den tida eigde så mykje jord i Sogn som han.

I hans tid vert det nemnt at «Splidsagi» har kome i arbeid i dei store skogane på Fresvikåsen. Sjølv sette han i 1673 opp eit oversyn over det han åtte under tittelen «Fortegnelse over mitt lille Jordegods». I 1680 fekk denne boka eit tillegg.

Skrivargarden

I Fresvik fanst på den tida også ein gard som vart kalla «Skrivargarden». Den vart teken ut til sorenskrivargard kring 1600 frå det som var krungodset i Fresvik. Husa på denne garden vart seinare tekne av skred.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.04.2012