Hopp til innhold
X
Innhald

Iver Erikssøn Leganger

På 1600-talet var prestane svært flinke til å skaffe seg jordisk gods. Iver Erikssøn Leganger (1629-1702) var den største jordeigaren i Sogn.

På 1600-talet var prestane svært flinke til å skaffe seg jordisk gods. Iver Erikssøn Leganger (1629-1702) var den største jordeigaren i Sogn.

Iver Erikssøn Leganger (1629-1702) frå Leikanger, busett i Vik. Prest, forfattar, og stor jordeigar. Utdanna i Bergen og teologisk kandidat ved København Universitet 1649.

Han hadde også studieoopphald i Tyskland og Nederland. Var kapellan hjå faren sin i Leikanger før han vart sokneprest i Vik frå 1657 til 1702. Prost i Sogn frå 1668. Leganger samla seg store jordeigedomar i Sogn - m. a. Fresvik-godset. På den tida var det ingen som eigde så mykje jord i Sogn som Leganger: Han hadde eigedomar i kvart einaste prestegjeld. Det er likevel som forfattar at Leganger er mest kjend. Han skreiv fleire bøker med dikt og epistlar på latin, og ytte viktige bidrag til «Historia rerum Norvegicarum», som islendingen Tormod Torfæus gav ut i 1711. Brevvekslinga mellom dei to er elles trykt i «Torfæna», som vart gjeven ut i København i 1777.

Minnetavle i Hopperstad stavkyrkje

Leganger sytte for å få måla ei minnetavle over seg sjølv i Hopperstad stavkyrkje. Tavla er måla rett på kyrkjeveggen og teksten er på latin. Far til fut Peder Leganger (sjå: Kjende personar i Balestrand fødde før 1850), og gift med Anna Finde (1645-1728), dotter til den grunnrike sokneprest Peder Jørgenson Finde i Førde. I Vik budde Leganger på prestegarden Grov, og enkja etter han, Anna Finde, på garden Stadheim.

Minnetavla over Iver Erikssøn Leganger i Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnetavla over Iver Erikssøn Leganger i Hopperstad stavkyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011