Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Bøthun

Jakob Bøthun (1851-1931) frå Fresvik. Lærar og målreisingsmann.

Jakob Bøthun (1851-1931) frå Fresvik. Lærar og målreisingsmann.

Gjekk Lærarskulen i Balestrand og var lærar i heimbygda i 50 år. Skipa Fresvik Ungdomslag i 1888 og sat som formann i 30 år.

Stod sentralt i arbeidet for å få nynorsk som skulemål i Fresvik frå 1900. Han gav ut «Soga um Fresvikgodset» i 1925 (sjå: Fresvik-godset).

Bøthun sat i kommunestyret i Leikanger i fleire periodar, og var ordførar og skulestyreformann i Leikanger i mange år. Han var også styremedlem i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011