Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbaneplanane i Vik

Den 4. september  1920 kom ein delegasjon til Vik for å ha synfaring på strekninga der det var planar om jernbane. Som vi ser var bygda pynta til fest, så det er tydeleg at det var ei svært viktig sak for vikjene. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

På andre sida av Vikafjellet hadde Voss alt i 1883 fått den smalspora Vossabanen til Bergen. Men kampen for jernbane over Vikafjellet mellom Vik og Voss livna til på 1890-talet i samband med planane om sidebaner til Bergensbanen (opna i 1909).
Vik argumenterte m.a. med den lokale eksersisplassen for Sogns Bataljoner, som samlast på Vikamoen på den tida. I ein reguleringsplan for Vik sentrum i 1917, vart det sett av rikeleg plass til jernbanestasjon om lag der Vik Verk ligg i dag. Så seint som i 1920 var jernbanekomitéen på synfaring i Vik for å gjere seg kjende med tilhøva. Vikjene pynta då dampskipskaia med flagg og girlander for å gjere inntrykk. Men Vik tapte kampen om sidebane då Stortinget sa «nei» i 1923. I staden vart Flåmsbana bygd, og opna i 1940. Siste «jernbanerunde» for Vik var i 1947, då staten fekk føre seg at dei skulle kartleggje ei jernbaneline Voss-Vik-Jostedalen-Otta. Nokre sognegutar fekk arbeid som «flisgutar» ved stikkinga av lina denne sommaren - men meir kom det ikkje ut av prosjektet.

På området der Vik Verk ligg i dag var det meininga at jernbanestasjonen i Vik skulle byggjast.Foto: Ottar Starheim, NRK.

På området der Vik Verk ligg i dag var det meininga at jernbanestasjonen i Vik skulle byggjast.Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjå også: Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.06.2011