Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Leuthäuser Hirsch

Gjekk i lære som landmålar i Fjordane frå 1861, landbruksskule i Buskerud 1861-1863, Ås Høiere Landsbruksskole 1863-1865.

Johan Leuthäuser Hirsch (1843-1923) oppvaksen i Vik som son av den andre distriktslegen der, busett seinare på Ås. Landbruksskulelærar og direktør ved Norges Landbrukshøyskole.

Gjekk i lære som landmålar i Fjordane frå 1861, landbruksskule i Buskerud 1861-1863, Ås Høiere Landsbruksskole 1863-1865.

Lærar ved Mo Jordbruksskule 1866-1869. Kom til Jønsberg landbruksskole i Hedmark 1871 og byde den opp til ein mønsterskule, med ein undervisningsplan som vart mønster for seinare drift av landbruksskular. Han vart i 1895 direktør for landbrukshøgskulen på Ås, men gjekk etter konfliktar med landbruksministeren av i 1904. Var deretter styrar ved ein landbruksskule ved Lillehammer. Gav i 1911 ut «Bondens Raadgiver» i fem bind.

Hirsch vitja ofte fødebygda, og var m.a. sterk motstandar av blandingsavlen som då gjekk føre seg mellom fjordhest og dølahest (sjå: Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane).

Som pensjonist spekulerte han i eigedom, var med på å kjøpe eit herregods i Sverige, og flytta i 1914 dit som styrar fram til 1918. Siste åra av livet budde han i Oslo og dreiv eigedomsspekulasjon.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011