Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Hove

Johannes Hove i unge år. © Fylkesarkivet.

Johannes Hove i unge år. © Fylkesarkivet.

Johannes Hove (1887-1960) frå Vik. Forretningsmann og installatør.

Lærde seg el.faget då første kraftverket i Vik vart montert i 1913. Han arbeidde også som røyrleggjar. I 1930 bygde han ein stor forretningsgard på Vikøyri der han starta landhandel med m.a. sal av elektriske apparat og sportsutstyr. I andre etasje dreiv han Gimle Herbyrge og Kafé, i kjellaren «Vik Folkebad - Karbad og Styrt». Resten av huset leigde han ut til andre forretningsdrivande, post og tannlege.

Johannes var formann i Vik Turn & idrettslag, og var ei drivande kraft for å få bygd Målesetehytta på Vikafjellet - sjå: Idretten i Vik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.06.2011