Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Nilsson Vangsnes

Johannes Vangsnes (1854-1913) jekteskipper og handelsmann. Kjøpte sin første galeas i 1884 og dreiv fiskehandel på Nord-Noreg.

Med D/S «Vangsnes», bygd 1904, starta han rutedrift mellom Bergen og Sogn i tevling med Fylkesbaatane. Då han døydde i 1913 overtok sonen Nils J. Vangsnes, men tevlinga med Fylkesabaatane tok slutt i 1914.

Seinare vart D/S «Vangsnes» nytta til kystfart på Nord-Noreg, og den forliste på Finnmarkskysten i 1935.

Johannes N. Vangsnes var gift med Kjerstina Vangsnes og far til Nils J. Vangsnes.

DS Vangsnes ved kai i Kinsedal. © Fylkesarkivet, eigar Asbjørn Vangsnes.

DS Vangsnes ved kai i Kinsedal. © Fylkesarkivet, eigar Asbjørn Vangsnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.07.2011