Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Ivarson Hove

Jon Ivarson Hove med fiskelukke. Foto © Fylkesarkivet.

Jon Ivarson Hove med fiskelukke. Foto © Fylkesarkivet.

Jon Ivarson Hove (1862-1941) frå Vik. Byggmeister som spesialiserte seg på restaurering av gamle stavkyrkjer og andre middelalderkyrkjer.

Han vart «oppdaga» av «kyrkjebergaren» Peter Andreas Blix og leia det praktiske arbeidet med restaurering av Hove steinkyrkje, Hopperstad stavkyrkje og Urnes stavkyrkje.

Av Fortidsminneforeningen vart han elles engasjert til å leie restaureringa av Røldal stavkyrkje, Veøy steinkyrkje i Romsdal og Nore-kyrkjene i Buskerud. Hove fekk også store oppgåver av Gjert Heiberg med flytting og restaurering av sognehus til De Heibergske Samlinger Sogn folkemuseum.

Han bygde den gamle utstillingsbygget på Heiberg-garden i Øvre Amla (sjå: Historia i Sogndal). Han var ein av dei seks aksjonærane som i 1920 starta den etter måten store trevarefabrikken; Vik Trevarefabrikk.

Tildelt Kongens fortenestemedalje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011