Hopp til innhold
X
Innhald

Joto smoltoppdrett AS

Smoltanlegget i Arnafjorden, tidlegare Joto smoltoppdrett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smoltanlegget i Arnafjorden, tidlegare Joto smoltoppdrett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Joto smoltoppdrett AS vart starta i Belehagen i Arnafjorden i 1986. Det lokale initiativet kom frå Jon Nese og Tore Røyrvik, men Vik kommune gjekk imot etableringa. Etter at dei to hadde fått med reiarlaget Sigval Bergesen som medeigarar med 75 prosent, kom anlegget i gang.

Ei tid vart det lova opptil 40 arbeidsplassar ved anlegget, men overetablering førde til prisras og massekonkursar i bransjen kring 1990. Også Joto fekk økonomiske vanskar, og selskapet Gjølangerfisk tok over i 1991.

I 2001 overtok Aqua Farms Herand som seinare vart ein del av det verdsomspennande Marine Harvest-konsernet. Marine Harvest har også settefiskanlegg på Sørebø på Høyanger sørside.

Fire år seinare vart anlegget selt vidare til Bård Sindre Skarshaug, og namnet vart endra atil Arnafjord Settefisk. I 2012 gjekk selskapet konkurs. I 2013 vart anlegget kjøpt av Ola Braanaas. Han har planar om å investere for mellom 30 og 50 millionar kroner i anlegget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.08.2013