Hopp til innhold
X
Innhald

Kaffistova

Kaffistova i 1922. Personane er frå venstre: Anna Kvamme, Borghild Jacobsen, Agnes Kvamme og Peder Kvamme. Foto: Amedé. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaffistova i 1922. Personane er frå venstre: Anna Kvamme, Borghild Jacobsen, Agnes Kvamme og Peder Kvamme. Foto: Amedé. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kaffistova kafé vart starta i 1910 av Peder S. Kvamme på Vikøyri. Dette var første kaféen i Vik, og vart mykje nytta av folk frå "nordstranda" - Nessane og Kvamsøy - der Kvamme opphaveleg kom frå. Kvamme dreiv også målarbutikk og landhandel på eigedomen. I mellomkrigstida handla han også med ved, kol og koks.

Kaffistova vart nedlagd i 1925, og huset brann i 1955.

I 1953 starta Peder S. Kvamme fiskeforretning med eige kjølelager, og dreiv også fiskebilrute. Fiskeforretninga vart seld til Vik Samyrkelag i 1957, og dei dreiv fiskehandelen til 1970.

Til venstre ser vi bilen til Peder S. Kvamme og hjørnet av butikken hans. Dei to små husa vart brukte til lager og røykeri. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Til venstre ser vi bilen til Peder S. Kvamme og hjørnet av butikken hans. Dei to små husa vart brukte til lager og røykeri. Foto frå ”Handel i Vik” av Arne Inge Sæbø.

Sonen til Peder, Richard Kvamme, bygde nytt forretningsbygg på eigedomen i 1957, og her dreiv ektemaken Ingeborg ei tid kafé. Då Ingeborg la ned kaféen, starta Alfred Skeide daglegvarebutikk der.

Reidar Korsvoll starta elektroforretning i ein annen del av Kvamme-bygget, og etter det har det vorte drive både skobutikk og frisørsalong i lokala.

Frå 1974 leigde ein slektning til Richard Kvamme, vossingen Knut Mykkeltvedt, forretningsbygget til Kvamme, og han kjøpte det i 1977. Han utvida bygget både i 1980, 1982 og 1990. I 1996 starta han firmaet Fjordsylv (sjå dette).

Frå 1975 til 1980 dreiv vossingen Svein Åge Jensen ei systove i Kvamme-bygget.

I dag held Fjordsylv til i Kvamme-bygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag held Fjordsylv til i Kvamme-bygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2010