Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Vik

Kong Oscar II.

Kong Oscar II.

Kong Oscar II

av Sverige/Noreg vitja Vik og Vikjamoen 1896. Han vart motteken med æresportal og ei flagg-og lauvpynta reiserute frå kaia ogoppover bygda til eksersisplassen Viksmoen. Vikjene flagga visstnok med det reine norske flagget under denne kongevitjinga. Kongen såg det, men sa ingenting.

Kong Haakon VII og den tyske keisaren Wilhelm II om bord i keisarskipet ”Hohenzollern” i samband med avdukinga av Fridtjof-statuen på Vangsnes i 1913. Foto: Th. Jürgensen, Kiel. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Haakon VII

vitja Vangsnes 31. juli 1913 saman med keisar Wilhelm II av Tyskland for å avduke statuen av Fridtjof den frøkne, som keisaren hadde finansiert og gjeve til bygda.

Kong Olav V kom ikkje til Vik i 1957. Foto: Scanpix.

Kong Olav V kom ikkje til Vik i 1957. Foto: Scanpix.

Kong Olav V

skulle som kongeregent opne Vikafjellsvegen i 1957, men måtte melde avbod då faren kong Haakon VII døydde.

Kong Harald V og dronning Sonja

vitja Vik i juni 2002 på ei rundreise som elles gjekk til Aurland, Årdal, Balestrand, Hyllestad og Gulen kommunar. Dei kom med kongeskipet «Norge» til Vangsnes, og fekk også m.a. ei omvising på gamle Vikøyri og Vik Meieri.

Kong Harald på besøk i Vik i 2002. Der fekk han mellom anna smake gamalost frå Vik.  Kongen gav gamalosten karakteren 11 på ein skala til ti. Det er meieristyrar John Inge Sørland som viser veg.

Kong Harald på besøk i Vik i 2002. Der fekk han mellom anna smake gamalost frå Vik. Kongen gav gamalosten karakteren 11 på ein skala til ti. Det er meieristyrar John Inge Sørland som viser veg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.07.2011