Hopp til innhold
X
Innhald

Kvinne døydde etter møte med bjørn i Indrefjorden

Kring år 1700 var ei svanger kvinne frå Valsvik i Indrefjorden på veg heim frå stølen då ho møtte ein bjørn ved Kolgrov. Bjørnen gjekk til åtak og slengde henne i bakken. Så tok den til å grave ei grop for å gøyme byttet.

Medan bjørnen var oppteken med dette, greidde kona å leggje frå seg trøya og lua og lure seg ut av syne for rovdyret. Så la ho på sprang heimover. Men bjørnen oppdaga at ho hadde kome seg unna og la etter. Han nådde henne nesten att nede ved gardshusa, men ektemannen vart var kva som hende og sette mot bjørnen med langorven i handa. Kona berga seg inn i stova, men bjørnen klora på stovedøra slik at det viste merke i lang tid etter.

Mannen greidde å jage bjørnen unna, men den svangre kona døydde ei stund etter av skadane ho hadde fått i møte med bjørnen og av strabasane etterpå.

- Det er ikkje usannsynleg at dette er ei vandrehistorie – sjå artikkelen Bjørnen jaga kone i Fresvik.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018