Hopp til innhold
X
Innhald

Landbrukshistoria i Vik

Frukt og bær har vore og er ein viktig del av landbruket i Vik. Dette biletet er frå ein frukthage i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frukt og bær har vore og er ein viktig del av landbruket i Vik. Dette biletet er frå ein frukthage i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik - pionérbygda for frukt i Sogn

Heilt tilbake til 1201 har ein sikre spor etter fruktdyrking i Vik.

Viig Præstegjelds Landboeselskab

vart skipa i 1858 av Christen Christensen, som seinare også var formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap.

Vik Sokneselskap

var skipa 1891, og endra seinare namn til Vik Jordbrukslag. Laget arbeidde m.a. med å odle fram gode avlsdyr, og Vik vart på dette feltet ei føregangsbygd.

I Vik finn vi det einaste gamalostmeieriet i verda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Vik finn vi det einaste gamalostmeieriet i verda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Meierihistoria i Vik

I 1905 var Vik Meieri det tredje største i fylket. I 2002 er Vik Meieri det einaste meieriet i landet som produserer gamalost.

I eldre tid klora folk seg fast der det var livberging, gjerne på plassar som Bungum, 520 meter over sjøflata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I eldre tid klora folk seg fast der det var livberging, gjerne på plassar som Bungum, 520 meter over sjøflata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestehistoria i Vik

- sjå Skipa hesteavlslag og skapte dalasauen - og «Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane».

Sauehandel med England

Seint på 1800-talet var det stor interesse for eksport av sau som slaktedyr til England.

Husdyr-eksport til USA

Ein eksentrisk skipsreiar ba om seks kyr (med horn med knappar på!), ein okse og to unghestar av fjordhestrase.

Tamreindrift på Vikafjellet

Ein av dei stader der det vart satsa på tamreindrift kring 1840, var på Vikafjellet. Sjå også jakt i eldre tider: .

Høgdegarden Grønsberg

På garden Grønsberg, 450 meter over havet i Vik,vart det drive jordbruk på gamlemåten heilt fram på 1990-talet.

Ein av gardane på Lee. Foto: Frank Ragan.

Ein av gardane på Lee. Foto: Frank Ragan.

Høgdegardane Lee i Arnafjorden

Dei fire gardsbruka på Lee ligg 300 m.o.h. på austsida av Arnafjorden. Heilt til slutten av 1900-talet vart gamle driftsformer som lauving nytta i gardsdrifta, og kulturlandskapet på Lee, med gamle stuvingstre og mykje natureng, har vekt nasjonal interesse. I 1987 vart prosessane med styving og lauvberging på Lee filma og dokumentert. (Sjå elles om Lee under: Ulukker i Vik).

Dei siste åra har mange bønder gått saman om bygging av fellesfjøs, mellom anna i Indrefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei siste åra har mange bønder gått saman om bygging av fellesfjøs, mellom anna i Indrefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.07.2011