Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Mathias Hille

Lars Mathias Hille (1828 –1898) frå Fresvik, busett i Bergen. Offiser og jernbaneingeniør.

Krigsskuleeksamen 1848 og eksamen frå Den militære Høiskole 1855. Kaptein i 1867, og deretter tilsett som vegingeniør. Han arbeidde m.a. i Finnmark og Valdres før han vart knytt til vegstellet i Bergens Stiftsamt.

Då idéen om Bergensbanen dukka opp tidleg på 1870-talet, vart Hille tilsett som ingeniør av ein aksjonskomite i Bergen. Han la fram ein plan om ei høgfjellsline over Finse – same traséen som Bergensbanen fylgjer i dag. Frå 1875 vart han byggjeleiar for jernbanen Bergen-Voss med 51 tunnelar, opna 1883. Hille vart driftsstyrar for Bergen-Voss til han døydde.

Bror til Arnoldus M. Hille.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008