Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Mattison Hille

Fresvik, der Lars Mattison Hille eigde mykje av jorda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik, der Lars Mattison Hille eigde mykje av jorda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars Mattison Hille (1760–1830) busett i Lærdal og Fresvik. Slekta ættar frå Hilde i Innvik. Handelsmann og godseigar.

Kom som ung i teneste hjå kjøpmann Wollert Krohn i Bergen. Frå 1792 styrar for H. H. Lem sin handelsstad på Lærdalsøyri då Lem sjølv busette seg på godset Frønningen. I 1801 kjøpte Hille handelen i Lærdal for 6000 riksdalar frå Lem og fekk samstundes borgarbrev.

Kjøpte «Fresvik-godset»

Hille vart svært rik på handelen på Lærdalsøyri, men kring 1810 tapte han mykje av formuen. Han hadde likevel så mykje att at han slutta med handel i Lærdal og kjøpte i staden «Fresvik-godset» med ni gardar som høyrde til. Same året kjøpte han også oberst Tomas Meidells eigedomar for 8400 riksdalar og busette seg i Fresvik.

I 1819 kjøpte han i tillegg kaptein G. Dahl sin eigedom Bøtun i Fresvik, og vart dermed ein av dei største godseigarane på Vestlandet i si tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011