Hopp til innhold
X
Innhald

Lensmannsgarden Bø

Lensmannsgarden Bø teikna av Ivar Refsdal i 1896. Foto: Riksantikvaren.

Lensmannsgarden Bø teikna av Ivar Refsdal i 1896. Foto: Riksantikvaren.

Når du køyrer opp bakkane mot Vikafjellet, ser du eit vakkert, gamalt hus med halvvalma tak. Det er det freda hovudhuset på lensmanngarden Bø.

I 1847 overtok lensmann Christoffer Parelius Aarestrup (1814-1876) ein del av garden Bø. Han tinga Bergens-snekkaren Jan Lund til å byggje hovudhuset. Jan Lund arbeidde mykje i Sogn, og bygde m.a. kjende hus på Lærdalsøyri der han budde til 1858 - sjå: Gamle bygningar i Lærdal. I tillegg bygde han hovudhuset på Nedre Amla i Kaupanger og eit stashus på Røneid i Gaupne.

Huset på lensmannsgarden Bø slik det tek seg ut i dag. Foto: Arne Inge Sæbø.

Huset på lensmannsgarden Bø slik det tek seg ut i dag. Foto: Arne Inge Sæbø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.07.2011