Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Christophersøn Munthe

Ludvig Christophersøn Munthe (1637-1708) frå Luster, busett i Vik. Prost og stor jordeigar.

Ludvig Christophersøn Munthe (1637-1708) frå Luster, busett i Vik. Prost og stor jordeigar.

Han var son til Indre Sogn-futen Christopher Giertsen (1617-1679) på Flahamar i Luster, men tok slektsnamnet til mora Birgitte Munthe (1634-1708). Han vart kapellan under Iver Erikssøn Leganger, og overtok som prost 1702-1708.

Munthe fekk i 1686 kontroll over store jordeigedomar ved giftarmålet med dotter til Ivar Leganger, Karen (1667-1702). Ludvig arva elles mykje gods etter foreldra sine i Luster.

Ludvig og Karen si dotter Birgitte vart gift med prost Anders Daae, som dermed fekk kontroll over mykje av jordegodset etter Leganger-slekta.

Då Karen døydde i 1702, gifta Ludvig Munhte seg opp att med Dorothea Blix frå slekta til Sogne-futen Hans Blix som budde på Flesje (Fute- og offisersgarden Flesje). I Vik budde ekteparet Ludvig og Dorothea på garden Hove.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 10.06.2011