Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig E. Eikaas

Ludvig E. Eikaas med kona Karolina og eit barnebarn. Foto: Pauline Wiig. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Ludvig E. Eikaas med kona Karolina og eit barnebarn. Foto: Pauline Wiig. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Ludvig E. Eikaas frå Jølster bygde smie og reiskapsverkstad i Røysane i Vik på 1870-talet etter at han hadde vore nokre år i Amerika. Han smidde m.a. plogar, horver, drøftemaskinar og kjerrer.

Eikaas flytta til Sørbøvåg i Hyllestad i 1895. Ein av dei som overtok som smed i Røysane etter Eikaas var Kristoffer Sværen frå Sværefjorden, og seinare var det Hans Lilleøren som dreiv smia. I 1932 starta han også slipp på Vetleøyri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2011