Hopp til innhold
X
Innhald

Meidel og Hille-slekta

Etter den store frådelingsrunden etter Harberg, så vart det som no var att av «godset» i 1795 seld til kaptein Tomas Meidel, medan Madam Geelmeyden sin part vart skift mellom hennar arvingar.

Her kom også ein annan fut inn som eigar; Joachim Schveder Bang, som var svigerson til Madam Geelmeyden. Andre lutar av hennar eigedomar hamna hos folk i Knagenhjelm-slekta frå Kaupanger (sjå: Historia i Sogndal). Lars Mathias Hille tok over den delen av godset som Meidel eigde då denne døydde i 1809, samt ein lut av det futen Schveder Bang eigde.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2008