Hopp til innhold
X
Innhald

Mensen Ernst

Bautaen som er reist til minne om Mensen Ernst i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bautaen som er reist til minne om Mensen Ernst i Fresvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mensen Ernst, slik ein samtidig kunstnar framstiller han.

Mensen Ernst, slik ein samtidig kunstnar framstiller han.

Mensen Ernst (1795-1843) - fødenamn Mons Monsen Øyri, frå Fresvik. Husmannsgut som vart vide kjend i Europa som «løparkongen».

Han reiste som unggut til Bergen og vart sjømann, og deltok i den første store løpet i Sør-Afrika i 1813. Frå 1818 satsa han på ein profesjonell karriere som langdistanseløpar. Den første lange distansen var London-Portsmouth, 116 kilometer, som han sprang på ni timar.

Paris-Moskva på to veker?

Den mest kjend historia om Mensen Ernst er at han i 1832 skal ha sprunge frå Paris til Moskva på 15 dagar. Dette er ein distanse på 2500 kilometer. Dette tilsvarar 170 kilometer pr. dag gjennom land der det rådde krig og ufred. Seinare vurderingar viser difor at ein slik prestasjon berre var oppspinn. Men Mensen Ernst vann likevel 3800 franc i eit veddemål kring prestasjonen.

Tidleg på 1800-talet rådde det reine «Egypt-feberen» i Europa. I 1842 fekk Mensen Ernst i oppgåve av ein tysk adelsmann å finne Nilens kjelder. Under ekspedisjonen fekk Ernst dysenteri og døydde.

I 1987 avduka Idrettslaget Modig ein minnestein i heimbygda Fresvik over løparkongen.

I 2013 vart livet hans tema for eit teaterstykke: «Mensen Ernst - løpekongen frå Sogn», sett opp av Sogn og Fjordane Teater.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.11.2012