Hopp til innhold
X
Innhald

Mordaren frå Vik

I 1633 vart Osmund Mogensson frå Vik, fødd 1607, avretta i Stavanger saman med ein kar som opphaveleg kom frå Uddevalla i Sverige.

Dei to hadde slege seg saman på røvartokt over det meste av landet, og i Sokndal slo dei jekteskipparen Velum Kitt frå Hidra i hel og kasta han overbord etter eit drikkekalas. For dette syrgde skarprettaren føre at begge vart eit hovud kortare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.11.2008